Bryter Layter

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Bryter Layter var det andre av tre album av den britiske musikaren Nick Drake, utgjeve i mars 1971.[1]

Meir informasjon Nick Drake-kronologi ...

I 2000 kom Bryter Layter på 23. plassen då musikkmagasinet Q skulle kåre dei hundre beste britiske albuma gjennom tidene.

Remove ads

Innhald og produksjon

Som på Five Leaves Left er Drake akkompagnert av andre musikarar på alle songane, med delar av den britiske folkrockgruppa Fairport Convention og John Cale frå The Velvet Underground, i tillegg til Beach Boys-musikarane Mike Kowalski og Ed Carter.[2] Arrangøren Robert Kirby hevda at Drake ønskte at dei instrumentale lydspora skulle minne om Pet Sounds.[3] Albumet skulle opphavleg kome ut i november 1970, men misnøye med plateomslaget gjorde at plata vart heldt attende til over nyår.[1]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Mojo kalla albumet «det heilt klart mest polerte i katalogen hans».[8] Alternative Press kalla det «eit av dei vakraste og mest melankolske albuma som er spelt inn».[9]

I 2000 sette Q Bryter Layter på 23. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene. Det vart plassert på 14. plassen på lista til NME over dei beste albuma frå 1970-åra.[10]

I 2003 vart albumet rangert på 245. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, men som med det førre albumet, vart òg dette albumet borte frå den reviderte lista frå 2012.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Nick Drake

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads