Buckingham

From Wikipedia, the free encyclopedia

Buckingham
Remove ads

Buckingham er ein by i det nordlege Buckinghamshire i England, omkring 16 km frå grensa til Northamptonshire. Byen har kring 12 000 innbyggjarar.

Kjappe fakta Plassering, Styresmakter ...

Namnet kjem frå angelsaksisk, og tyder «Buccas heim»; Bucca var ein viktig jordeigar i området. Han vart administrasjonssenter i grevskapet i 888, under Alfred den store. På 1500-talet flytta Henrik VIII administrasjonssentret til Aylesbury, som ligg omtrent midt i grevskapet.

Thumb
Det gamle fengselet, no Old Gaol Museum

Byen har vakse opp omkring den gamle marknadsplassen, og har mange bygningar frå 1700-talet. Ein svært sentralt plassert historisk bygning er det gamle fengselet, Old County Gaol, som er innreidd som bymuseum.

To hovudvegar, A421 og A413, går gjennom byen.

Det første og så langt einaste private universitet i Storbritannia, University of Buckingham, ligg her. Dei fleste av studentane er utanlandske.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads