Burhou

From Wikipedia, the free encyclopedia

Burhoumap
Remove ads

Burhou (norrønt Burholmr) er ei lita øy om lag 2 km nordvest for Alderney i Kanaløyane i Storbritannia. Ho har ikkje fast busetnad og er eit fuglereservat, så det er ikkje lov å gå i land på øya mellom 15. og 27. juli. Av dyreliv på øya finn ein ein koloni med lundefugl og mykje kanin.

Thumb
Burhou ligg nordvest for Alderney.
Thumb
Flyfoto av Alderney (i midten) og Burhou (øvst til høgre), The Swinge ligg mellom dei

Det er ingen kaianlegg på øya, men vitjande kan gå i land frå båt i ei lita vik. I dårleg vêr kan det vere umogeleg å kome seg i land.

Endinga -hou kjem frå detnorrøne namnet holmr som tyder holme. I følgje Dr. S.K. Kellet-Smith viser «bur» til eit lager, og namnet kan tyde at fiskarane lagra utstyret sitt her. Det vart bygd ei hytte for fiskarar på øya i 1820. Denne vart øydelagd då nazistane okkuperte øya under den andre verdskrigen. Hytta vart bygd opp att i 1953.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

49°43′48″N 2°15′06″W


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads