Burin i Nablus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Burin (arabisk بورين) er ein palestinsk landsby i Nablus guvernement nord på Vestbreidda, 7 kilometer sørvest for Nablus. Landsbyen hadde eit folketal på kring 2 800 i 2008.
Remove ads
Historie
På 1100- og 1200-talet var Burin busett av muslimar.[1] Burin stod oppført i 1596 i osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 120 hushaldningar og fem ungkarar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, og geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[2]
I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Burin som ein «stor landsby i ein dal med ei kjelde i midten og nokre få oliventre.»[3]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Burin eit folketal på 901, alle muslimarar,[4] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 215 hus og eit folketal på 859 muslimar.[5]
I 1945 h adde Burin (i lag med Iraq Burin) 1 200 innbyggjarar, alle arabarar, med 19 096 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[6] Av dette var 1 797 mål var plantasjar og irrigert land, 8 741 nytta for korn,[7] medan 106 mål vart utbygd land.[8]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads