Burnham-on-Sea
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Burnham-on-Sea er ein by i grevskapet Somerset i England. Han har kring 18 500 innbyggjarar og ligg ved munningen av Parrett ved Bridgwater Bay. Burnham var ein liten landsby fram til seint på 1700-talet, då han voks som feriestad.
Remove ads
Geografi

Burnham-on-Sea er kjend for stranda og mudderflatene sine. Desse siste utgjer farer for enkeltpersonar og skip, og lokale folk har lagt ned innsats for å forsvara byen sin og førebygga tap av menneskeliv. Burnham ligg nær munningen av elva Parrett der ho renn ut i Bristolkanalen, som har den nest høgaste tidvassamplituden i verda. Skilnaden mellom lågvatn og høgvatn er 11 meter, og han er berre større i Bay of Fundy i austlege Canada.[1][2][3] Dei store mudderflatene i Burnham er karakteristiske for Bridgwater Bay og resten av Bristol-kanalen, der tidvatnet kan gå over 2,4 kilometer tilbake. Bridgwater Bay består av store område med mudderflater, saltsumpar, sandflater og rullesteinryggar, nokre av dei med vegetasjon. Området fekk status som område av særleg vitskapleg interesse (Site of Special Scientific Interest) i 1989, og er utnemnd til våtmark av internasjonal tyding under Ramsar-konvensjonen.[4][5]

Apex Leisure and Wildlife Park, i det sørvestlege hjørnet av Burnham-on-Sea, nord for elva Brue, dekkjer eit område på meir enn 17 hektar. Parken blei bygd frå tidlegare leireuttak som blei overfløymde, og i desse vatna finst no både mange typar vilt og fritidsaktivitetar.[6]
Hinkley Point er ei høgd som strekkjer seg inn i Bridgwater Bay 8 km vest for Burnham-on-Sea, på den andre sida av munningen til Parrett. Landskapet i Hinkley Point er dominert av to nedstengde atomkraftverk, Hinkley Point A og Hinkley Point B, og av Hinkley Point C, som er under utbygging.[7]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads