Burt Reynolds

amerikansk skodespelar (1936–2018) From Wikipedia, the free encyclopedia

Burt Reynolds
Remove ads

Burton Leon Reynolds Jr. (11. februar 19366. september 2018),[1] kjend som Burt Reynolds, var ein amerikansk filmskodespelar. Truleg vert han best hugsa som «Bandit» i filmen Smokey and the Bandit frå 1977.

Reynolds blei først kjend gjennom roller i fleire ulike fjernsynsseriar som Gunsmoke (1962–1965), Hawk (1966) og Dan August (1970–1971). Han hadde hovudroller o filmar som Navajo Joe (1966), men fekk eit gjennombrt som Lewis Medlock i Deliverance (1972). Reynolds spelte deretter hovudroller i fleire publikumssuksessar The Longest Yard (1974), Smokey and the Bandit (1977), Semi-Tough (1977), The End (1978), Hooper (1978), Starting Over (1979), Smokey and the Bandit II (1980), The Cannonball Run (1981), Sharky's Machine (1981), The Best Little Whorehouse in Texas (1982) og Cannonball Run II (1984). For fleire av desse var han også regissør. Han blei nominert til Golden Globe Award for Best Actor – Motion Picture Musical or Comedy to gonger.

Etter fleire filmar som ikkje gjorde det bra vende Reynolds attende til fjernsyn og spelte i situasjonskomedien Evening Shade (1990–1994), som han vann ein Golden Globe- og Primetime Emmy-pris for. Rolla som den moralske pornografen Jack Horner i Boogie Nights (1997) gav han kritikarmerksemd og endå ein Golden Globe-pris og nominasjonar til ein oscarpris og ein BAFTA-pris.|[2][3] [4]

Reynolds var son av Harriet Fernette «Fern» (fødd Miller, 1902–1992) og Burton Milo Reynolds (1906–2002). Han hadde nederlandsk, engelsk, skotsk-irsk og skotsk opphav. Sjølv påstod han gjerne at han hadde cherokee- og italiensk opphav.[5][6] Gjennom karrieren sin sa Reynolds gjerne at han var fødd i Waycross i Georgia. I 2015 fortalde han at han i røynda var fødd i Lansing i Michigan.[7]

Remove ads

Filmografi

(utvalde filmar)

  • Angel Baby (Debut, 1961)
  • Nickelodeon (1976)
  • Smokey and the Bandit (1977)
  • Smokey and the Bandit II (1980)
  • Smokey and the Bandit Part 3 (1983)
  • The Man Who Loved Women (1983)
  • Cannonball Run II (1984)
  • Frankenstein and Me (1996)
  • Citizen Ruth (1996)
  • Striptease (1996)
  • Bean (1997)
  • Boogie Nights (1997)
  • Mystery, Alaska (1999)
  • Time of the Wolf (2002)
  • The Longest Yard (2005)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads