Byrknes

From Wikipedia, the free encyclopedia

Byrknes
Remove ads

Byrknes er ein tettstad i Gulen kommune i Vestland. Staden har 299 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg vest på Byrknesøyna og har hamn som er verna av moloar. På Byrknes ligg Byrknes alderstun og barne- og ungdomsskulen Byrknes skule. Byrknes skulekrins dekkjer heile ytre Gulen. Ved skulen ligg Byrknes barnehage.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Staden har bibliotekfilial og daglegvarebutikk med post i butikk. Her ligg òg Byrknesøy kapell, eller bedehuset som det ofte vert kalla lokalt. Det er eigd av indremisjonslaget og vert leigd ut til mellom andre Den norske kyrkja.[1]

Remove ads

Namn

Namnet Byrknes blir uttalt bu'rtnes eller by'rtnes. Det er blitt skrive Birknes, Birchenes i 1563 og 1611, Bierchenes i 1667, Birchenæs i 1723. Namnet kjem av gammalnorsk Birkines birki som tyder ‘stad der det veks bjørk’.[2]

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads