C'mon Everybody

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«C'mon Everybody» er ein song frå 1958 av Eddie Cochran og Jerry Capehart, opphavleg gjeven ut som ei B-side. I 1959 nådde han sjetteplass i Storbritannia og tretti år seinare, i 1988, vart han gjeven ut på ny og nådde då 14. plass. I USA nådde songen 35. plass på Billboard Hot 100. «C'mon Everybody» er rangert på 403. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Då Cochran spelte inn solovokalen for songen, skapte han òg ein alterantiv versjon av songen kalla «Let's Get Together». Den einaste skilnaden i teksten var berre tittelen: «Let's get together» i staden for «C'mon everybody».

Andre artistar som har spelt songen er NRBQ, Led Zeppelin, Sid Vicious, Humble Pie, Neon Rose (Sverige), Backbeat Band, UFO, Cliff Richard and the Shadows og Tomoyasu Hotei.

Songen vart nytta av Levi Strauss & Co. i ein reklame for 501-bukser i 1988.

Remove ads

Medverkande

  • Eddie Cochran: vokal, gitar, gitar og trommer
  • Connie 'Guybo' Smith: elektrisk bass
  • Earl Palmer: trommer
  • Ray Johnson: piano
  • Kanskje Jerry Capehart: tamburin

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads