Summertime Blues
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Summertime Blues» er ein song frå 1958 spelt inn av Eddie Cochran. Songen omhandlar vanskane ein vanleg tenåring hadde i USA på denne tida.
Songen vart skriven seint i 1950-åra av Eddie Cochran og manageren hans Jerry Capehart. Han vart opphavlege gjeven ut som ei B-side og nådde åttande plass på Billboard Hot 100 den 29. september 1958 og 18. plass på den britiske singellista. Handklappinga vart gjort av Sharon Sheeley og den djupe vokalen på slutten av kvart vers er av Cochran.
Songen vart nytta i filmen Caddyshack (1980). I mars 2005 plasserte musikkmagasinet Q songen på 77. plass over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene. Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 73. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Delar av teksten omhandlar misnøye med valrettsalderen i USA som på denne tida var 21. Slike protestar førte til at alderen vart sett ned til 18.
Remove ads
Salslister
Andre versjonar
Beach Boys
Beach Boys spelte inn ei utgåva av songen som finst på albumet Surfin' Safari.
Blue Cheer
Blue Cheer spelte inn songen for albumet Vincebus Eruptum i 1968. I deira versjon er alle svar-linjene i Cochran-utgåva fjerna og i staden bytta ut med instrumentale svar frå kvart medlem i bandet. Songen har vorte trekt fram som ein av dei første heavy metal-songane nokon gong i dokumentaren Metal: A Headbanger's Journey.
Salslister
The Who
The Who si utgåve av songen finst på konsertalbumet Live at Leeds frå 1970. Denne utgåva er langt meir aggressiv (og høgare) enn originalen. Han vart spelt i A-dur, medan tredjeverset vert modulert opp til H-dur.
I denne utgåva syng John Entwistle vokaldelen til «the boss», «the father» og «the congressman» med den djupe, rumlande røysta si. I tillegg spelar han bassgitar og doblar Roger Daltrey på solovokal på versa. Pete Townshend spelar gitar og Keith Moon trommer.
Andre konsertutgåver frå The Who finst i dokumentarfilmen Woodstock og Monterey Pop Festival.
The Who spelte «Summertime Blues» fast på konsertane sine mellom 1967 og 1976, og stundom i åra etter, men aldri etter Entwistle døydde i 2002.
Andre Who-utgåver av songen finst på Live at the Isle of Wight Festival 1970, Odds & Sods og CD-utgåva av Live at the Royal Albert Hall.
Salslister
Olivia Newton-John
Oliva Newton-John spelte songen på albumet hennar Clearly Love frå 1976.
Alan Jackson
Alan Jackson spelte inn songen for albumet «Who I Am» i 1994. Songen vart gjeven ut på singel og nådde førsteplassen på countrylista i USA, samt 104. plass på Billboard-lista.
Salslister
Rush
Rush spelte inn songen for albumet Feedback i 2004 og gav han ut på singel. Dei nyttar gitarintroen frå Blue Cheer-utgåva og på same vis som The Who så vert tredjeverset modulert opp til H-dur.
The Black Keys
The Black Keys spelte inn ei utgåva av songen og gav han ut som B-side til singelen «10 A.M. Automatic», samt som bonusspor på den janpanske utgåva av albumet Rubber Factory
Andre utgåver
Songen har òg vorte spelt av
- Attitude Adjustment
- BAP (omdøypt og sunge på kölsch som 'Wo Mer eidlich Sommer Han')
- Bobby Fuller
- Bon Jovi
- Vow Wow
- Brian Setzer
- Bruce Springsteen
- Buck Owens
- Buddy Holly
- CAPRiS
- Cheech Marin
- Chris Spedding
- The Clash
- De La Soul
- Deborah Harry
- Dionysos
- Downchild Blues Band
- Dry Rot
- Eddie Meduza
- The Flaming Lips - Hear It Is
- The Flying Lizards
- Frank Sidebottom (kalla 'Timperley Blues')
- Gary Allan
- George Thorogood
- The Guess Who
- Guitar Wolf
- Hanson
- Heartsdales
- Jimi Hendrix
- James Taylor
- Joan Jett & the Blackhearts
- Jussi & The Boys (på finsk)
- La Muerte
- Last Ones to Leave
- Levon Helm
- Little River Band
- Lolita No.18
- Mick Farren
- moe.
- Motörhead - All the Aces: The Best of Motörhead
- Motorpsycho
- Nathan Cavaleri
- Olivia Newton-John
- Papa Doo Run Run
- Pfuri, Gorps und Kniri
- Ritchie Valens (live på Pacoima High School 1959)
- Ritchie Venus og the Blue Beatles - Rocking to the Grave
- Rockapella - Smilin' (August 2002)
- Robert Gordon og Link Wray
- Sandy Nelson
- Stray Cats
- T.Rex
- Takako Minekawa
- Terry Reid
- Twenty-Nineteen
- The Beach Boys
- The Black Keys
- The Rolling Stones
- The Surfaris
- The Old Spice Boys
- The Treads
- The Gants
- The Ordinary Boys
- The Ventures
- The Who
- Über Kings
- Ulfuls
- Van Halen
- Warren Zevon
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads