CBS Studio Building

From Wikipedia, the free encyclopedia

CBS Studio Building
Remove ads

40.759164°N 73.974123°W / 40.759164; -73.974123

Thumb
Den noverande CBS Studio Building

CBS Studio Building er eit sju etasjar høgt kontorbygg på 49 East 52nd Street i Midtown Manhattan i New York City. Bygget har hatt forskjellig bruk gjennom åra, og starta som eit pensjonat for Vanderbilt-familien i 1908, før det vart ein skule og så studio for CBS Radio i 1939 og til slutt studio for Columbia Records.

Det vert i dag eigd av Fisher Brothers, som omgjorde det til eit kontorbygg i samband med bygging av den 45 etasjar høge Park Avenue Plaza aust for bygget.

Då fjernsyn tok over for radio, vart det ikkje lenger trong for radiostudio som kunne ta store pulikum. Bygget vart då eit musikkstudio for Columbia Records. Frank Sinatra, Barbra Streisand, Leonard Cohen, Laura Nyro[1], Bob Dylan (delar av New Morning),[2] Paul Simon og Paul McCartney spelte inn musikk her.[3]

Anlegget bestod av «Studio B» i andre etasje og «Studio E» i sjette etasje.[4]

Remove ads

Sjå òg

  • CBS 30th Street Studio

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads