Cabinda

From Wikipedia, the free encyclopedia

Cabinda
Remove ads

Cabinda, òg kjend som Chioua,[1] er ein by og kommune i Cabinda-provinsen, ein eksklave i Angola. Byen Cabinda hadde eit folketal på 550.000[2] og kommunen eit folketal på 624.646 ved folketeljinga i 2014. Innbyggjarane i byen er kjende som cabindas eller fiotes. På grunn av nærleiken til rike petroleumsførekomstar er Cabinda ei av dei viktigaste oljehamnene i Angola.[3][4]

Kjappe fakta Land, Areal ...
Remove ads

Geografi

Cabinda ligg ved kysten av Atlanterhavet, sør i Cabinda-provinsen, og ligg på høgre breidd av elva Bele.[3]

Etter Köppen si klimaklassifisering har Cabinda tropisk savanneklima.

Byen ligg 56 km nord for Moanda i Kongo-Kinshasa, 70 km nord for estuaret til Kongoelva og 137 km sør for Pointe-Noire i Kongo-Brazzaville.

Historie

Byen blei grunnlagd av portugisarar i 1883 etter underskrivinga av Traktaten i Simulambuco, i same periode som Berlinkonferansen. Cabinda var ei utsendingshamn for slavar til Brasil.

Distrikt

Cabinda er delt inn i tre distrikt, eller comuna:

  • Cabinda, med 88,6 % av folkesetnaden
  • Malembo, med 3,1 %
  • Tando-Zinze, med 8,3 %

Utdanning og vitskap

Cabinda husar to offentlege høgare utdanningsinstitusjonar, 11 de Novembro Universitet og Instituto Superior de Ciências da Educação de Cabinda. I tillegg har det campusar for Lusíada-universitetet og det private universitetet i Angola.

Kultur

Byen har ein særeigen kultur både med omsyn til klesdrakt og matskikk til tradisjonelle rituale, særleg Chicumbe og feira seremonier av Bakamas do Tchizo,[5] ein tradisjonell ritual som gjer det mulig å samspille mellom dei levande og okkulte åndene til gudane og forfedrane, og dermed tryggar forsoning mellom dei døde og dei levande.[6]

Språk

Sidan Portugal koloniserte Cabinda seinare enn resten av Angola, er portugisisk, som er offisielt språk i Angola, ikkje vidt utbreitt i Cabinda, sjølv om talet på portugisisktalande har vore i raskt vekst. Portugisisk blir hovudsakleg brukt i offisielle eller administrative høve. Ibinda, eit bantuspråk, er det primære språket både i byen og i provinsen Cabinda.[4]

Kjelder

Bibliografi

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads