Calling All Girls

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Calling All Girls» er ein song av det britiske rockebandet Queen, gjeve ut på albumet Hot Space i 1982. Han var skriven av Roger Taylor og var den fjerde singelen frå albumet. Singelen kom ut sommaren 1982 i USA, Canada og Polen, og nådde høvesvis 60., 5. og 6. plassen på salslistene der.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

«Calling All Girls» var den første songen til Roger Taylor som vart gjeven ut på singel, men berre i somme land og ikkje i Storbritannia. Taylor skreiv songen på gitar, og spelte feedback-støy i mellomspelet.

Songen vart aldri framført i Europa, men eit konsertoptak frå 1982 i Japan finst på DVDen Queen on Fire - Live at the Bowl.

Remove ads

Musikkvideo

Videoen er ein parodi av George Lucas-filmen THX 1138, og vart sjeldan sett før Greatest Video Hits 2 kom ut. Både Taylor og Brian May har uttrykt sterk misnøye mot videoen, og Taylor hevda at meldinga i songen ikkje hadde noko med robotane i videoen å gjere.

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads