Calothorax

From Wikipedia, the free encyclopedia

Calothorax
Remove ads

Calothorax er ei biologisk slekt av fuglar i ordenen seglarfuglar (Apodiformes), i kolibrifamilien Trochilidae. Slekta omfattar berre to artar, begge er heimehøyrande i Nord-Amerika, med utbreiing frå det sørvestlege hjørnet av USA til det sørlege Mexico.

Kjappe fakta

Det maskuline slektsnamnet Calothorax kjem frå gresk: kalos som tyder «vakker», og thōrax som tyder «bryst».[1]

Remove ads

Kjenneteikn

Kolibriane i denne slekta er ganske like kvarandre og måler mellom 8 og 9 cm i lengd. Dei har lange, svakt nedoverbøygde nebb. Hannane har relativt lange, tydeleg graderte stjertar. Dei er grøne på oversida og kvite på undersida, med ein purpur glinsande strupeflekk og mørkegrøne kroppssider. Hoene er beige på undersida og har bleike strek bak auga.[2]

Systematikk og taksonomi

Slekta Calothorax vart føreslått av den britiske ornitologen George Robert Gray i 1840. Typearten som seinare vart definert, var Cynanthus lucifer, som i dag er kjend som luciferkolibri.[2]

Artsoversyn

Slekt Calothorax i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4] Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert begge artane som livskraftige:[5]

Meir informasjon Bilete, Norsk namn ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads