Calvià

From Wikipedia, the free encyclopedia

Calvià
Remove ads

Calvià er ein kommune på øya Mallorca, like ved forstadane til Palma, hovudstaden i den autonome regionen Balearane i Spania.

Kjappe fakta Land, Region ...

Området er eit av dei store turistområda på Mallorca med stader som Magaluf (3865), Santa Ponsa (8188), El Toro (2002), Paguera (3400), Illetas (3286), Portals Nous (2395) og Palma Nova (5975). Det er 14 strender og fire sportshamner. Det tar berre om lag 15 minutt å nå sentrum av Palma. Det er estimert at kring 1,6 millionar turistar vitjar staden kvart år, og Calvià er ein av dei rikaste kommunane i Europa.

Thumb
Magalluf på Mallorca.

I 1960-åra starta Calvià å byggje ut ein komplett infrastruktur for massiv turisme med rask utbygging av hotell. Seinare vart det bygd ut fire profesjonelle golfbanar (Club de Golf Poniente, Golf Sta Ponça I, Golf Sta Ponça II, Golf Sta Ponça III og Golf Bendinat), vassparkar, den moderne promenaden Paseig Calvià og Gran Casino Mallorca i Sol de Mallorca, om lag 10 minuttar frå Magaluf. Sjakkolympiaden i 2004 vart halde i Calvià.

Remove ads

Sjå òg

  • Magaluf
  • Palma Nova
  • Santa Ponsa

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads