Calypte
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Calypte er ei biologisk slekt av fuglar i ordenen seglarfuglar (Apodiformes), i kolibrifamilien Trochilidae. Ho omfattar berre to artar som begge er heimehøyrande i Nord-Amerika, med utbreiing langs stillehavssida frå sørvestlege Canada, vestlege USA og sørover til det sentralvestlege Mexico.
Det hokjønna slektsnamnet Calypte vart ikkje forklart av opphavspersonen, men det kjem truleg frå gresk kaluptrē, som tyder eit kvinneleg slør eller hovudplagg. Namnet viser truleg til den iriserande purpurfiolette krona og den lange strupepryden hjå hannen av ørkenkolibri, Calypte costae.[1]
Remove ads
Kjenneteikn
Dei to kolibriartane i denne slekta veg gjennomsnittleg ca. 3-4,5 gram[2] måler rundt 9-10 cm i lengd, med raudmaskekolibri (C. anna) som den største. Ørkenkolibrien sin strupeflekk og hette er sterkt iriserande fiolett, mendan raudmaskekolibri har lys raud farge. Hos raudmaskekolibri har hofuglar ein liten, sentral strupeflekk, ikkje alle hoer av ørkenkolibrien har slik flekk.[3][4]
Systematikk
Slekta Calypte vart foreslått av den britiske ornitologen John Gould i 1856. Typearten vart seinare definert som Ornismya costae, i dag ørkenkolibri på norsk.
Artsoversyn
Slekt Calypte i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6] Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert begge artane som livskraftige:[7]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads