Camel av Camel
album av Camel From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Camel er debutalbumet til det engelske, progressive rockebandet Camel, utgjeve på MCA Records i februar 1973.
Remove ads
Bakgrunn
I august 1972 fekk Camel kontrakt med MCA Records. Dei gjekk raskt inn i studio for å spele inn debutalbumet, Camel. Det var ei samling av individuelle songar, hovudsakleg skrivne av Andrew Latimer og Peter Bardens, men albumet selde heller og MCA ønskte ikkje å gå for eit nytt album. Innan den tid hadde bandet fått Geoff Jukes og Max Hole frå Gemini Artists (seinare GAMA Records) som managerar og gått til Decca Records, der dei vart verande dei neste ti åra.
Turné
Camel turnerte ni månader av året og fekk eit godt rykte som konsertband i Storbritannia, Sveits, Belgia og Nederland. Dei delte scene med andre artistar som Stackridge, Barclay James Harvest, Gong, Hawkwind, Pink Fairies, Global Village Trucking Company og Spyro Gyra.
Nyutgjeving
Albumet vart ommastra og gjeve ut på ny i 2002 på London Records med to bonusspor: singelversjonen av «Never Let Go» og eit konsertopptak av «Homage to the God of Light», som var fast på dei tidlege konsertane deira. Ein studioversjon av sistnemnde kom ut på soloalbumet til klaverspelaren Peter Bardens, The Answer, i 1970.
Innhald
Medverkande
- Camel
- Andrew Latimer – gitar; vokal (1, 4)
- Peter Bardens – orgel, Mellotron, piano, VCS 3 synthesizer; vokal (5, 8)
- Doug Ferguson – bassgitar; vokal (2, 6)
- Andy Ward – trommer, perkusjon
- Produksjon
- Lydteknikar: Roger Quested
- Plateomslag: Modula
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads