Camille Flammarion
fransk astronom From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nicolas Camille Flammarion (26. februar 1842–3. juni 1925) var ein fransk astronom og forfattar.
Han var tilsett ved observatoriet i Paris 1858, ved Bureau des Longitudes frå 1862. I 1883 bygde han eit privatobservatorium i Juvisy-sur-Orge, der han utførte observasjonar av månen og planetane, særskilt Mars. 20 år gammal skreiv han den første av fleire populære bøker om astronomi som vart omsett og lest over heile verda. Mest kjend er: Cosmogonie universelle; La pluralité des mondes habités (1862), L'Astronomie populaire (1880; siste franske utgåve kom i 1960, siste engelske utgåve i 1964), La planète Mars et ses conditions d'habitation (1893).
I 1889 grunnla han Société Astronomique de France.
Remove ads
Kjelder
- Camille Flammarion. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Camille Flammarion» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2015.
Bakgrunnsstoff
- Verk av Camille Flammarion på Project Gutenberg
- Atlas cèleste, Paris 1877 da www.atlascoelestis.com
- Camille Flammarion ved The Internet Movie Database (IMDb)
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads