Cancer borealis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Cancer borealis
Remove ads

Cancer borealis (engelsk Jonah crab) er ein marin krabbe i ordenen Brachyura som lever langs austkysten av Nord-Amerika frå Newfoundland til Florida.[1] Krabben har eit rundt ryggskjold med ru kantar og små lyse flekkar, og robuste klør med mørk brun-svart tippar. Den største rapporterte[2] ryggskjoldbreidda for hannar er 222 mm, medan hoer sjeldan går over 150 mm.[3] Krabben er den næraste slektningen til taskekrabbe i Vest-Atlanteren.[4]

Kjappe fakta
Remove ads

Habitat og levevis

Ein har rapportert om krabbane på djupner opptil 750 m.[1] Habitatpreferansen til Cancer borealis varierer frå steinsubstrat i Rhode Island og Mainebukta til silt- og leiresubstrat på kontinentalskråninga.[3] Det er allment godteke at arten flyttar seg utover havet om hausten og vinteren, og det er blitt dokumentert at hoene flyttar seg mot kysten på slutten av våren og sommaren.[5] Krabbane er kjende for å flytta til område med føretrekte temperaturar for åtferds-termoregulering.[6] Den føretrekte temperaturen til dyra endrar seg avhengig av temperaturen det er akklimatisert til. Den estimerte gjennomsnittlege føretrekte temperaturen er 15,4 °C (59,7 °F).[6] Ettersom krabbane er eit av dei mest populære bytta for måsar, er overlevnaden deira høgast i djupare vatn. Nokre krabbar vil likevel leita etter føde på grunnare djupner og i fjøresona, der det er større tilgang på mat. Den auka vekstraten til krabbar som finn føde på grunne djupner og den høgare overlevinga til krabbar som lever i djupare vatn gjer at overlevinga i begge leveområda er omtrent lik.[7][8]

Føde

Analysar av maginnehald frå individ frå Mainebukta fann muslingar, leddyr, sniglar og nokre algeartar. Blåskjel (Mytilus edulis) utgjorde over 50 % av det analyserte mageinnehaldet.[8]

Remove ads

Fiske

Krabben har lenge blitt fanga som bifangst i hummarteiner. Dei var lenge sett på som uønskt fangst og skadedyr som stal åte i fellene, og blei kasta tilbake i havet. Sidan byrjinga av 2000-talet har mengda krabbar teke i land auka, særleg i New England, på grunn av større etterspurnad på marknaden. Mottak av Cancer borealis i USA gjekk frå 9000-1360 tonn i året på 1990-talet til over 7700 tonn i 2014. I 2014 kom 70,05 % av landføringa frå Massachusetts, følgd av Rhode Island med 24,43 %. Krabbane blir ikkje forvalta på føderalt nivå i USA, men blir i staden forvalta av enkelte statar med ei mellomstatleg samordning gjennom Atlantic States Marine Fisheries Commission.[5]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads