Cape Waite
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Cape Waite er eit nes heilt nordvest på King Peninsula, på sørvestsida av innløpet til Peacock Sound. Det vart skissert ned frå flyfoto teken under U.S. Navy Operasjon Highjump i desember 1946. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Amory H. Waite frå Byrd-ekspedisjonen, 1933–35 og seinare U.S. Navy Bellingshausen Sea Expedition 1959-60. Waite undersøkte dei mange flystyrtane i Antarktis og oppdaga at somme radarfrekvensar ikkje vert reflekterte frå isoverflata, men gjekk igjennom til landoverflata og gav falske høgdemålingar. Denne oppdaginga gjorde flyginga tryggare og at ein byrja å bruke radioglasiologi til å kartlegge topografien til landflata under isen.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads