Cape Wrath

From Wikipedia, the free encyclopedia

Cape Wrath
Remove ads

Cape Wrath (skotsk-gælisk Am Parbh, kjend som An Carbh i Lewis) er eit nes i Sutherland i Highland, nord i Skottland. Det er det nordvestlegaste punktet på øya Storbritannia.

Kjappe fakta Land ...

Namnet Cape Wrath kjem frå det norrøne hvarf («vendepunkt»). Vikingane vende ofte skipa sine heimover ved Cape Wrath. Cape Wrath er ein av berre to stader i Storbritannia med namnet «Cape» («kapp») føre seg. Den andre staden er Cape Cornwall i Cornwall.

Thumb
Kyle of Durness.
Remove ads

Cape Wrath fyr og kafe

Thumb
Cape Wrath fyr

Det står eit fyr på neset, bygd i 1828 av Robert Stevenson. Det var bemanna fram til 1998 då det vart automatisert av Northern Lighthouse Board. Oppfor neset ligg ruinane av ein signalstasjon for Lloyd's som vart nytta til å overvake skipsfarten i området.

Dei kvite husa ved fyret står stort sett i forfall, men eit av dei har vorte renovert dei siste åra og omgjort til ein kafe for vitjande. Det vert hevda at kafeen er den mest fjerntliggande i Storbritannia og han vart opna i 2009 av prinsesse Anne.[1]

Remove ads

Dyreliv

Det aude landskapar har eit rikt dyreliv med mellom anna havhest, kråke, kongeørn, kronhjort, storskarv og havsule.

Sjå òg

  • Geografiske ytterpunkt i Storbritannia

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads