Carl Ben Eielson

From Wikipedia, the free encyclopedia

Carl Ben Eielson
Remove ads

Carl Ben Eielson (20. januar 18979. november 1929) var ein amerikansk flypioner, bushpilot og oppdagar.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og virke

Han vart fødd i Hatton i Nord-Dakota i ein norsk innvandrarfamilie.[1] Under første verdskrigen vart Eielson utdanna til militærflygar, men kom ikkje til fronten i Europa før krigen var over.[1] Etter slutten av krigen starta han saman med vener Hatton Aero Club og med eit utrangert krigsfly, ein Jenny, turnerte han Midtvesten med barnstorming-oppvisingar. Han byrja jusstudiar i Washington, D.C. i 1921, men dei vart snart avbrotne, og han byrja å jobba som lærar på ein ungdomsskule i Fairbanks i Alaska.[1]

Flygar i Arktis og Antarktis

I Alaska såg Eielson eit stort potensiale for luftfart, og vart ein pådrivar for og einaste flygaren i Farthest North Aviation Company, som vart skipa i 1922.[1] I februar 1924 flaug han den første luftpostruta i Alaska, frå Fairbanks til MacGrath. Dette korta ned ein tur som hadde teke 21 dagar med hundespann til fire timar. I 1926 flaug han luftpost i Florida, og vart seinare same år engasjert av den australske polarforskaren Hubert Wilkins som pilot. Saman skulle dei fly frå Point Barrow i Alaska, til Spitsbergen. Føremålet var å sjå om det fanst land mellom Alaska og Nordpolen.[2]

Dei gjorde to mislukka forsøk i 1926 og 1927, og i 1928 klarte dei det. 21. april 1928 landa dei ved radiostasjonen i Barentsburg etter det ufrivillige opphaldet på fire døgn på Daudmannsodden. I den antarktiske sommaren 1928–1929 var han med på kartlegging av land på Den antarktiske halvøya. Kvalkokeriet «Hektoria» vart brukt som base. I juni 1929 leidde han det nystarta Alaskan Airways i Fairbanks.[3]

Thumb
Heimen til Eieleson i Hatton
Remove ads

Heider og ettermæle

Eielson omkom 9. november 1929, då hans Hamilton H-47 havarerte under ein redningsaksjon for eit skip som var fastfrose nord for Beringsundet.[4] Staden der han og mekanikaren Earl Borland har fått namnet Kosa Dvukh Pilotov, 'Neset til to pilotar'.[5]

I 1928 hadde Eielson fått Norsk Aero Klubbs hederstegn.[6] Han er òg heidra fleire stadar i USA, blant anna ber flybasen i Fairbanks namnet hans. I Endicott Mountains heiter ein fjelltopp «Mount Eielson». I 1958 fekk han namnet sitt i National Aviation Hall of Fame i Ohio, der alle amerikanske flypionerar er minna.[7]

Eielson er gravlagt i heimbyen Hatton, der barndomsheimen hans er eit museum med minne frå livet hans.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads