Carl David Anderson

amerikansk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Carl David Anderson
Remove ads

Carl David Anderson (3. september 1905 11. januar 1991) var ein amerikansk eksperimentell fysikar. Han var fødd i New York City, foreldrene var svenske immigrantar. Han studerte fysikk ved Caltech der han tok ein doktorgrad i 1930.

Kjappe fakta Fødd, Død ...
Remove ads

Under leiing av Robert A. Millikan byrja han å studere kosmisk stråling. Medan han gjorde forsøk med tåkekammer, oppdaga han uventa spor av subatomære partiklar. Frå fotografi av partikkelbanene førsåg han at dette var skapt av partiklar med same masse som elektron, men med motsett elektrisk ladning. Oppdaginga understøtta Paul Dirac sine teoretiske berkningar om at det fanst eit positron. Anderson oppnådde òg eit direkte bevis for at positronet eksisterte ved å sende gammastråler skapt av thoriumkarbid (ThC'') inn i andre materialer, noko som førte til at det vart danna positron-elektron par. Oppdaginga av positronet førte til at Anderson fekk Nobelprisen i fysikk i 1936 saman med Victor Hess.

Same år, i 1936, var Anderson med på å oppdage den subatomære partikkelen muon (i byrjinga òg kalla 'mu-meson') som er 207 gonger tyngre enn elektronet.

Remove ads

Artiklar

  • C.D. Anderson, "The Positive Electron", Phys. Rev. 43, 491 (1933)

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads