Victor Francis Hess

From Wikipedia, the free encyclopedia

Victor Francis Hess
Remove ads

Victor Franz Hess (Victor Francis Hess) (24. juni 188317. desember 1964) var ein austerrikskamerikansk fysikar, kjent for studium av radioaktivitet og kosmisk stråling. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1936 «for oppdaginga av kosmisk stråling». [1] Han delte prisen med Carl David Anderson, som fekk han «for oppdaginga av positron».[1]

Han var professor i fysikk universiteta i Graz (1920-21, 1923-30 og 1937-38) og Innsbruck (1931-1937). I perioden 1921-1932 var han direktør for U.S. Radium Corporations forskingslaboratorium i New Jersey. Kona hans var jødisk, og i 1938 flytta han derfor til USA med familien sin for å unngå nazistisk forfølging, og vart utnemnd til professor ved Fordham University same år, noko han var fram til 1952. Han vart seinare amerikansk statsborgar.

Hess gjorde i åra 1911–14 saman med Werner Kolhörster ei rekkje ballongoppstigingar til over 5000 m, og påviste då med ionisasjonskammer at den radioaktive strålinga auka med høgda. For oppdaginga av denne kosmiske strålinga fekk han 1936 saman med Carl David Anderson Nobelprisen i fysikk.

Remove ads

Publikasjonar

  • Hess, Victor F. (1928). The Electrical Conductivity of the Atmosphere and Its Causes. Constable & Company. OCLC 1900377.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads