Carl Nielsen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Carl Nielsen
Remove ads

Carl Nielsen (9. juni 18653. oktober 1931) var ein dansk komponist og dirigent.

Thumb
Carl Nielsen sin barndomsheim i Nørre Lyndelse.
Kjappe fakta

Carl Nielsen var fødd i Sortelung ved Nørre LyndelseFyn, der han voks opp. Faren var gardsarbeidar, men tente litt ekstra som landsbymusikant. Han lærte barna sine å spele fiolin. Her viste Carl Nielsen sitt store talent seg. Han fekk plass som trombonist i eit militærorkester. Her lærte han å spele på ei rekkje instrument, og blei forfremja til korporal. Dette opna sjansane for ein friplass på musikkonservatoriet.

Som komponist er Carl Nielsen blitt karakterisert som det største nordiske musikktalentet i si tid. Han skreiv alt frå enkle melodiar til symfoniar og operaer. Carl Nielsen sitt portrett pryder dei danske 100-kronersetlane.

Nielsen var gift med bilethoggaren Anne Marie Carl Nielsen.

Remove ads

Verk

Orkesterverk

  • Symfoni nr 1 (1891-92)
  • Symfoni nr 2 - De fire Temperamenter (1901-02)
  • Symfoni nr 3 - Sinfonia Espansiva (1910-11)
  • Violinkonsert (1911)
  • Symfoni nr 4 - Det Uudslukkelige (1914-16)
  • Symfoni nr 5 (1920-1922)
  • Symfoni nr 6 - Sinfonia Semplice (1924-25)
  • Klarinettkonsert (1928)

Kammermusikk

  • Blåsekvintett (1922)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads