Carl R. Eklund
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Carl R. Eklund (27. januar 1909–3. november 1971) var ein amerikansk spesialist i ornitologi og geografisk utforsking av både nordlege og sørlege polarområde.
Frå 1939-1941 tente han som ornitolog ved East Base i U.S. Antarctic Service. Dette var den første moderne amerikanske statsstøtta ekspedisjonen til Antarktis, og den tredje ekspedisjonen som kontreadmiral Richard E. Byrd kommanderte i Antarktis. I tillegg til å samle inn dyr for staten gjennomførte Eklund ei av dei lengste hundesledeturane i Antarktis nokon gong, i lag med norskamerikanaren Finn Rønne. Øyane som vart oppdaga ved vendepunktet for denne reisa vart kalla Eklund Islands.
Han vart utpeikt som den første vitskaplege leiaren ved Wilkes Station i Antarktis.
Han tok doktorgraden i zoologi og geografi ved University of Maryland, og hadde batchelorgrad frå Carlton College.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads