Caroline Herschel

tysk astronom From Wikipedia, the free encyclopedia

Caroline Herschel
Remove ads

Caroline Lucretia Herschel (16. mars 17509. januar 1848) var ein tysk-britisk astronom og syster til astronomen sir William Herschel, som ho arbeidde i lag med gjennom heile karrieren sin. Dei viktigaste bidraga hennar til astronomien var oppdaginga av fleire kometar og særleg den periodiske kometen 35P/Herschel-Rigollet, som ber namnet hennar.[1] Ho oppdaga òg fleire tåker.

Thumb
Caroline Herschel, 92 år gammal
Kjappe fakta Fødd, Død ...

Ho var den første kvinna som fekk betalt for bidraga sine til vitskapen, og fekk Royal Astronomical Society sin gullmedalje (1828), og vart utnemnd til æresmedlem i Royal Astronomical Society (1835, med Mary Somerville). Ho var òg æresmedlem i Royal Irish Academy (1838). Kongen av Preussen gav ho ein vitskapsmedalje i gull i høvet 96-årsdagen hennar i 1846.[2]

Asteroiden 281 Lucretia (oppdaga 1888) vart kalla opp etter det andre førenamnet til Herschel. Krateret C. Herschelmånen er òg kalla opp etter ho.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads