Caroline Omberg
norsk foredragshaldar, musikar, EQ-terapeut og skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Caroline Omberg (fødd 1984 som Caroline Andersen) er ein norsk foredragshaldar og musikar. Ho er vokalist i punkrockbandet Caroline & the Treats.[1][2][3][4][5][6][7] Som foredragshaldar er spesialfeltet hennar er å snakka med ungdom om kjensler og seksualitet, og ho har i det sambandet vore nominert til Skamløsprisen.[8][9][10] Ho fortel òg om barndom, oppvekst og emosjonell intelligens.[11][12] Caroline er utdanna EQ-terapeut ved EQ Institute, grunnlagt av Dora Thorallsdottir m.fl. Caroline er pedagog, og studerer Grunnskulelærar 1-7. Ho har podcasten AVKOM saman med Mina Hadijan og Martine Rand.[13]
Omberg har skrive ei rekkje kronikkar om rettane til barnehagebarn og skule.[7][6][14]
Ho har bakgrunn som tidlegare eksotisk dansar, skodespelar og burlesk-dansar. Ho var med på å grunnleggja den første burlesk-gruppa i Noreg, The Fleshoticas, i 2006.[15]
Remove ads
Utdanning og annan karriere
Omberg kjem frå Snarøya og er oppvaksen i Oslo.[1] Ho er utdanna innan reklame og merkevarebygging med tittelen «merkevarekommunikatør» etter fullført studium.[16] Ho er under utdanning til EQ-terapeut, og studerer òg pedogogikk.[17]
Omberg arbeider i dag som foredragshaldar innan mental og seksuell helse.[12][18][9] Spesialfeltet hennar som foredragshaldar er å snakka med ungdom, helsepersonell og lærarar om både kjensler og seksualitet og dessutan om skilnaden på sex og porno.[11][8] Ho snakkar òg om barndom, oppvekst og emosjonell intelligens.
I 2014 bidrog ho med eit essay i boka Prince "Shockadelica".[19] I 2018 var ho ein av forfattarane bak antologien "Det skjer nå - Fortellinger fra en feministisk revolusjon".[20] I 2019 samarbeidde ho med Sex og Politikk om å laga eit undervisningsmateriell om seksualitet versus pornografi til bruk i grunnskulen.
Remove ads
Samfunnsdebattant
Omberg er aktiv samfunnsdebattant når det gjeld barnehagepolitikk, og har skrive ei rekkje kronikkar når det gjeld rettane til barnehagebarn.[21][22][23][24][25][26][27][7][6] Ho var grunnlegg av Foreldreopprøret og er leiar Foreldreutvalget for barnehagar i Oslo.[28] I podcasten AVKOM, som ho har saman med Mina Hadijan og Martine Rand, snakkar ho om det å vera mor.[29]
Omberg uttalar seg stadig om ungdom og seksualitet i media og debattar, og i 2018 var ho nominert til Skamløsprisen.[8][30][31][10]
Remove ads
Musikk, tv og spelefilmar
Omberg medverka òg i nokre spelefilmar i Noreg og hadde si første filmrolle i Hjelp, vi er russ! frå 2011, der ho spelte servitrisa Gudrun Gundersen.[32]
I 2008 danna ho punkrockebandet Caroline & The Treats saman med den dåverande partnaren sin Morten Henriksen.[33] Bandet har gjeve ut to album og to singlar og turnert i USA, Spania, Tyskland, Noreg og Italia.[34][35] Bandet bidrog òg med sin versjon av låta «Fagre Mø» til tributeplata Sannhet på boks - en hyllest til Raga Rockers i 2015 og sin versjon av «Me and my Vibrator» på tributeplata Dr. Demento - Covered in Punk i 2018.[36][37]
I 2010 medverka ho i ein episode av NRK-Programmet Trekant, og våren 2013 medverka ho i NRK-Programmet Typen til (Leo Ajkic). Same året deltok ho òg i Masterchef Kjendis.[38] I 2017 bidrog ho i NRK-programmet Line fikser kroppen.[39]
Karriere innan eksotisk underhaldning

Foto:
Arild J. Waagbø / Nettavisen
Omberg hadde eiga spalte i FHM om seksualitet i perioden 2007–2008.[41] Som ein del av ein repotasjeidé byrja ho å undersøkja pornofilmar i 2008, og i cirka seks veker, fordelt over eit år, spelte ho i eit utval filmar.[42][43] Dette har ho seinare omtalt som eit feministisk initiert «sosialt eksperiment», og ho har seinare brukt i foredragsverksemd.[40]
Ho var òg ein av tre medlemmar i burlesk-dansegruppa The Fleshoticas.[44] Som burlesk-dansar hadde ho artistnamnet «Miss Prrrrrrrr».[45] Ho var òg sjølvstendig næringsdrivande strippar, og då brukte ho namnet «Strippeline».
Frå 2009 var ho fast spaltist i det pornografiske bladet Aktuell Rapport[46], der ho skreiv fiktive historier. Ho slutta i pornoindustrien i 2009, og la òg opp som strippar i 2012.
Remove ads
Diskografi
- 2009 Birthday Suit – singel – digitalt og rosa vinyl
- 2010 Bad All Over – album – digitalt, cd og vinyl
- 2011 Wam Bam Baby – singel, digitalt
- 2012 Saturday Night, Rock & Roll - digitalt, CD, vinyl
- 2015 Sannhet på boks - en hyllest til Raga Rockar #seg[47]
- 2018 Dr. Demento Covered in Punk - samlealbum / tributealbum[37]
Filmografi (spelefilmar, utval)
- 2009: Tomme Tønner, strippar
- 2010: Fatso, strippar
- 2010: Kommandør Treholt og Ninjatroppen, stripper/burleskdansar
- 2011: Hjelp, vi er russ! - Gudrun Gundersen
Bibliografi
- 2014 - Prince / Shocadelica, Falck / Aagaard, Falck Forlag
- 2018 - Det skjer nå - Fortellinger fra en feministisk revolusjon, Helena Brodtkorp (Red.), Kagge Forlag
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads