Caxias do Sul
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Caxias do Sul (portugisisk uttale [kaˈʃi. ɐz du ˈsuw]) er ein by i Rio Grande do Sul sør i Brasil, som ligg i det fjellrike området Serra Gaúcha. Han blei grunnlagd av italienske innvandrar den 20. juni 1890. I dag er han den nest største byen i delstaten Rio Grande do Sul. I 2020 estimerte ein folkesetnaden i byen til 517.451 menneske, mange av dei av italiensk og tysk avstamming. Nemninga for innbyggjarane i Caxias do Sul er caxiense.[1]
Remove ads
Historie


Før Caxias do Sul blei folkesett av italienske innvandrarar var det husdyrdrift og urfolk som budde i regionen. Den italienske innvandringa, hovudsakleg av bønder på leit etter eit betre liv frå Veneto, Lombardia, Trento (Nord-Italia) og andre regionar av Italia, byrja i 1875 i Nova Milano. Medan dei fekk statleg støtte som verktøy, forsyningar og frø, måtte dei også betala alt tilbake til regjeringa seinare.[2][3]

1. juni 1910 fekk Caxias do Sul status som by. Same dagen kom det fyrste toget som band saman regionen med delstatshovudstaden. Sjølv om innvandrarane var bønder, arbeidde mange av dei i andre økonomiske sektorar. Dei slo seg ned, urbaniserte området og byrja ei rask industrialisering.[4]
Remove ads
Folkesetnad
Språk
Portugisisk er det offisielle språket, og dermed hovudspråket som det blir undervist i ved skular. Eldre innbyggjarar kan ofte taliensk, eit regionalt språk basert på venetiansk, men som òg er påverka av andre italienske dialektar og portugisisk.[5]
Klima
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads