Verdsmusikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdsmusikk (engelsk World Music) er ei nemning som i regelen dekkjer all musikk som ikkje fell inn under kategoriane vestleg popmusikk, vestleg klassisk musikk, eller musikkformer av amerikansk opphav, slik som jazz, hip-hop, country og rock.
Nemninga vart skapt på midten av 1980-talet[1][2] av den britiske platebransjen for å kategorisere musikk som fall utanfor kategoriane nemnt ovanfor. Kategorien har vokse til å omfatta undersjangrar som ethnic fusion (Clannad, Ry Cooder, Enya osb.)[3] og worldbeat.[4][5]
Verdsmusikk kan òg brukast om popmusikk frå Afrika, Asia og Latin-Amerika, vestleg popmusikk som nyttar element frå dei nemnde kontinenta, og tradisjonsmusikk, som regel frå utanfor Europa og USA, men ikkje utelukkande. Nemninga vert nytta ulikt i ulike land, og det er ikkje uvanleg at popmusikk på fransk vert kategorisert som «world music» i amerikanske platebutikkar.
Omgrepet har vorte kritisert for å vere eurosentrisk og upresist, og for å vere lite egna for klassifisering av musikk. Utifrå eit musikalsk eller kulturelt synspunkt er det i utgangspunktet ingen fellestrekk mellom dei ulike musikksjangerane som fell inn under kategorien verdsmusikk.[6]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads