Challengerbreen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Challengerbreen er ein isbre på nordsida av Heardøya[6] i det sørlege Indiahavet. Han ligg kring 2 km aust for Baudissinbreen og er 1,5 km brei. Breen munnar ut på austsida av Corinthian Bay, like vest for Saddle Point.[6][7] Aust for Challengerbreen ligg Downesbreen, som endar ' i Mechanics Bay, mellom Saddle Point og Cape Bidlingmaier. Vest for Challengerbreen ligg Baudissinbreen, som endar på vestsida av Corinthian Bay, nær Sealers Cove.
Isbreen vart truleg først kartlagt av Gauss-ekspedisjonen under Erich von Drygalski i 1901–03, som teikna han ned som ein enkelt stor isbre som flaut ut i Corinthian Bay. I 1948 fann Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) ut at det var meir enn ein isbre i Corinthian Bay og ANARE nytta namnet Challengerbreen om den austlegaste av desse breane til minne om den britiske Challenger-ekspedisjonen, 1873–76.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads