Chamonix

From Wikipedia, the free encyclopedia

Chamonixmap
Remove ads

Chamonix, eller Chamonix-Mont-Blanc, er ein by med om lag 10 000 innbyggjarar søraust i Frankrike. Byen ligg ved foten av Mont Blanc i departementet Haute-Savoie i regionen Auvergne-Rhône-Alpes, og er ein populær vintersportsstad. Dei første olympiske vinterleikane vart halde her i 1924.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...

Chamonix består av tre landsbyar som ligg 1 350, 1 550 og 1 650 moh. Landsbyane har namn etter høgda dei ligg i. Chamonix 1650 er kjend for sitt livlege uteliv blant skituristane.

Remove ads

Geografi

Thumb
Aiguille du Midi sett frå dalen ved Chamonix.

Chamonix-dalen går frå nordaust til sørvest og gjennom dalen renn elva Arve. På den søraustlege sida av Chamonix ligg Mont Blanc, det høgaste fjellet i Vest-Europa med ei høgd på 4 807 moh. På den nordvestlege sida av byen ligg fjelltoppen Le Brévent (2 525 moh.). Ei rekkje andre landsbyar høyrer òg til kommunen, som: Les Bossons (1 012 moh.), Les Praz (1 060 moh.), Argentière (1 252 moh.) og Le Tour (1 462 moh.). Chamonix grensar til Aostadalen i Italia gjennom Mont Blanc-tunnelen og Martigny i Sveits igjennom Col de Montets-passet (1 461 moh.).

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Chamonix


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads