Martigny
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Martigny (tysk Martinach, latin Octodurum) er hovudstaden i det fransktalande distriktet Martigny i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 16 143 innbyggjarar (2010) og eit areal på 25 km². Kommunesenteret ligg 471 meter over havet.
Martigny er eit trafikknutepunkt, med vegsamband over Store St. Bernhard-passet til Aostadalen i Italia, og eit anna over Col de la Forlclaz til Chamonix i Frankrike. Martigny ligg nær mange vintersportstader i Alpane, som Verbier, og søraust for Montreux. Martigny ligg i Rhônedalen, ved foten av Dei sveitsiske Alpane, og ligg der Rhône svingar nitti gr ader nordover mot Genfersjøen. Elva Dranse renn frå Wallis-Alpane og ut i Rhône her.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Martigny» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2011.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad (fransk)/(engelsk)
- Martigny (kommune) på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads