Champasak-fylket

From Wikipedia, the free encyclopedia

Champasak-fylket
Remove ads

Champasak (også skrive Champassak eller Champasack, laotisk ຈຳປາສັກ) er eit fylke sørvest i Laos. Det er det sørlegaste fylket i landet, og blant dei fire austlegaste. Fylket ligg nær grensa til Thailand og Kambodsja. Innbyggjartalet er 694 023 (per 2015).

Kjappe fakta Land, Hovudstad ...

Fylkeshovudstaden er Pakse, men har namn etter Champasak, den tidlegare hovudstaden i Kongedømet Champasak. Champasak har hatt ei sentral rolle i historia til Siam and Laos, som åstad for fleire slag.[1] Kulturarva i området omfattar gamle tempel og fransk koloniarkitektur. Champasak har rundt 20 wat-ar, eller tempel, som Wat Phou, Wat Luang og Wat Tham Fai. Irrawaddidelfinar og mange fossar i provinsen er viktige turistmål.[1]

Remove ads

Geografi

Champasak-fylket har eit areal på 15 415 km².[2] Mekong dannar ein del av grensa til Thailand før ho tek ein krapp sving vestover. Deretter snur ho mot og renn søraustover gjennom fylket og ned til Kambodsja. Fylkeshovudstaden Pakse ligg langs hovudvegen i landet, Riksveg 13.

Historie

Champasak utgjorde ein del av Lan Xang, eit av dei største rika i Søraust-Asia frå 1354 til 1707. Kongedømet Champasak fekk sin fyrste konge i 1713. I 1904 blei kongen omgjort til guvernør av den franske kolonimakta. I 1946 blei kongedømet omgjort til provins.

Den noverande fylkeshovudstaden Pakse blei etablert av franske styresmakter i 1905, som ein administrativ utpost på staden der Xe Don (eller Don-elva) møter Mekong.[3] Kolonitida er gjenspegla i arkitekturen i byen.[1][4]

Remove ads

Natur og verneområde

Xe Pian nasjonale verneområde ligg søraust i Champasak. Det fekk status som naturvernområde i 1993. Arealet er 2 665–3 418 kvadratkilometer.[5] Verneområdet ligg også delvis i nabofylket Attapeu. Dong Hua Sao nasjonale verneområde ligg aust i fylket. Eit senter for vern av den truga irrawadidelfinen ligg på grensa til Kambodsja. Denne ferskvassdelfinen, kjend som pakha på laotisk, finst berre langs denne strekningen av Mekong.[1]

Administrativ inndeling

Champasack er delt inn i 10 distrikt.

  • Pakse ປາກເຊ
  • Sanasomboon ຊະນະສົມບູນ
  • Bachiangchaleunsook ບາຈຽງຈະເລີນສຸກ
  • Paksong ປາກຊ່ອງ
  • Pathoomphone ປະທຸມພອນ
  • Phonthong ໂພນທອງ
  • Champasak-distriktet ຈຳປາສັກ
  • Sukhuma ສຸຂຸມາ
  • Moonlapamok ມູນລະປະໂມກ
  • Khong

Plassering blant nabofylke

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads