Changbai

From Wikipedia, the free encyclopedia

Changbai
Remove ads

Changbaifjella (i Korea kalla Changbaekfjella) er ei fjellkjede langs grensa mellom Kina og Nord-Korea. Ho breier seg inn i dei kinesiske provinsane Jilin og Liaoning og dei nordkoreanske provinsane Ryanggang og Chagang. Dei fleste fjelltoppane er over 2 000 meter høge, mellom dei Paektusan med 2 744 moh.

Thumb
Changbaifjella

Changbaifjella er habitat for eit stort tal sjeldne dyreartar, mellom dei bjørn, sibirtiger og amurleopard. Her veks òg den sjeldne koreatujaen. I Jilin er over 2 100 km2 av fjella verna gjennom naturvernområdet Changbai-shan.

I fylgje legendene vart Bukuri Yongson fødd mellom desse fjella. Han var urforfar til Nurhaci og den mandsjuiske kongsslekta Aisin Gioro, som grunnla Mandsjuria og Qingdynastiet i Kina.

Remove ads

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads