Chaparralkolibri

From Wikipedia, the free encyclopedia

Chaparralkolibri
Remove ads

Chaparralkolibri (Selasphorus sasin) er ein liten kolibri som hekkar nær stillehavskysten av Sambandsstatane og overvintrar i sentrale Mexico. Han er ein av ni artar i slekta Selasphorus.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Vaksne individ av chaparralkolibriar blir ca. 9 cm lange og veg omtrent 3 gram. Dei er kjende for sine levande fargar og energiske åtferd, noko som gjer dei populære blant fuglekikkarar og naturinteresserte. Hannen har ein grøn rygg og panne, medan sidene, overgumpen og halen er rustfarga (raudbrun). Strupen til hannen er iriserande oransjeraud.[1] Hannane nyttar dei sterke fargane sine for å imponere hofuglar, noko som er avgjerande i paringstida. Hofuglane og ungfuglane har liknande fargar, men manglar den skinnande strupelappen og har i staden små prikkar på strupa. Hofuglane er hovudsakleg grøne, med rustfarge på halen, som også har kvite spissar.

Chaparralkolibriar er svært like raudkolibri. Mangelen på ei innskjering i den andre halefjøra er eit viktig kjenneteikn for å skilje vaksne hannar av chaparralkolibri frå raudkolibri. Dei to artane har òg ulike hekkehabitat.

Utbreiing

Chaparralkolibrien finst ofte i kystnære skogar (chaparral), i hagar og på enger langs kysten av California, frå Santa Barbara og nordover, samt langs sørkysten av Oregon. Fuglane som hekkar langs desse kystområda trekker til sentrale delar av Mexico om vinteren, medan dei som hekkar på Kanaløyane og i Sør-California hovudsakleg er standfuglar.[2]

Trekkvanane til chaparralkolibrien er tett knytte til tilgangen på mat, noko som påverkar hekkesuksessen og overlevingsraten deira. Hannen og hoa trekkjer ikkje samtidig – hannane reiser nordover først tidleg på året, medan hofuglane kjem seinare på våren for å førebu hekkinga. Denne tidsforskjellen hjelper med å redusere konkurransen om mat og hekkeplassar mellom kjønna i paringstida.[3]

Åtferd

Paringsflukta til hannane er ein intens fram-og-tilbake-boge på omtrent 8 meter horisontalt og 2-3 meter vertikalt, liknande rørsla til ein pendel. Ofte blir pendelrørsla etterfølgt av eit eller opptil fire stup i høg fart, opptil 93 km/t, frå rundt 20 meters høgd. Under stupet lagar halefjørene ein skarp summelyd for å fange merksemda til hoene. Hannane er aggressive og territoriale, og jagar både andre hannar og ulike kolibriartar vekk frå området sitt. Dei har til og med blitt observerte i åtak på rovfuglar mykje større enn seg sjølve. Etter paring held ikkje hannen seg i nærleiken for å hjelpe til med oppfostringa av ungane. Både hannar og hoer nyttar høgfrekvente lydar i sosiale samanhengar, både innan familien og territoriet. Chaparralkolibrien har relativt korte venger og liten vengeoverflate som blir kompensert med høg frekvens på vengeslaga, vanlegvis 60-66 slag per sekund, men opptil 100 Hz når hannen gjer pendeloppvisinga.[1]

Hofuglane held seg oftast i skogar med store tre, som eike-furu, douglasgran og kystsequoia, som gjev godt vern og tilgang til reirmateriale. Chaparralkolibrien byggjer reiret sitt av plantefiber, dun og ugrasstenglar og dekkjer det med lav og spindelvev for å styrke strukturen. Bygginga tek om lag ei veke. Reira blir plasserte strategisk for å halde dei trygge frå rovdyr, vanlegvis over bakken på ei grein eller ein stilk. Hofuglen legg to kvite egg, som ho rugar i 15 til 17 dagar. Ungane forlèt reiret om lag 22-25 dagar etter klekking, men mora held fram med å mate dei i omkring 10 dagar før dei blir sjølvstendige.[1] Når hoene lagar nye reir, brukar dei ofte det gamle – anten ved å flytte materiale til ein ny stad eller berre ved å reparere og forsterke det gamle.

Som alle kolibriar har chaparralkolibrien ein svært høg metabolisme og må derfor ete ofte. Den drikk nektar frå blomar og et små insekt som fluger, maur, små billelarvar, edderkoppar og kvefs, enten i flukt eller direkte frå blomstrane. Dette nektarinntaket hjelper plantane med pollinering.

Chaparralkolibrien kan termoregulere med føtene. I kaldare månader trekkjer dei føtene inn i fjørdrakta si for å halde på varmen under flukt, medan dei i varmare månader let føtene henge fritt for å kjøle seg ned.[4]

Galleri

Remove ads

Status

Verdas naturvernunion, IUCN, klassifiserer arten som livskraftig (LC) med ein aukande populasjon over dei siste 50 åra.[5]

Samanlikna med andre kolibriartar har chaparralkolibriar relativt kort livslengde. Maksimal livslengde funne for arten er 4-5 år.[1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads