Chen Yibing
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Chen Yibing (fødd 19. desember 1984) er ein kinesisk tidlegare turnar frå Tianjin. Han var spesialist i ringar, vann i tida 2006-11 fire VM-gull og i 2008 OL-gull i øvinga.
Chen vart verdsmeister i ringar under verdsmeisterskapane 2006 i Århus og 2007 i Stuttgart, olympisk meister 2008 i Beijing, verdsmeister 2010 i Rotterdam og 2011 Tokyo. I alle desse meisterskapane og ved Beijing-OL 2008 fekk han også gullmedalje i lagkamp med ulike kinesiske mannskap. Også under Sommar-OL 2012 i London vann han gull med Kina i lagkamp. Han vart favoritt i ring-øvinga, men måtte nøye seg med sølvmedaljen ettersom brasilianaren Artur Zanetti stakk av med gullmedaljen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Chen Yibing» frå Wikipedia på tysk, den 28. desember 2023.
- «Chen Yibing» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 20. april 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads