Cherbourg-Octeville

From Wikipedia, the free encyclopedia

Cherbourg-Octevillemap
Remove ads

Cherbourg-Octeville er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Manche i regionen Normandie og har om lag 45 000 innbyggjarar. Etter ei folketeljing i 1999 har storbyområdet 117 855 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...

Kommunen oppstod då byen Cherbourg vart slått i saman med Octeville den 28. februar 2000 og fekk det offisielle namnet Cherbourg-Octeville. Cherbourg-Octeville ligg nord på halvøya Cotentin

Eit arsenal for Den franske marinen ligg i Cherbourg.

Remove ads

Historie

19. juni 1864 fann det militære samanstøtet mellom USS «Kearsarge» og CSS «Alabama» stad utanfor Cherbourg. Cherbourg var første stoppestad for RMS «Titanic» etter ho gjekk ut frå Southampton i England.

Slaget ved Cherbourg i juni 1944 følgde etter Operasjon Overlord, og dei allierte klarte å erobre byen 30. juni.

Forfattaren Alfred Rossel var frå Cherbourg og komponerte mange songar som dannar ein del av arva frå området. Rossel sin song «Sus la mé» («På havet») er ein patriotisk song som ofte vert sunge i regionen. Den lokale dialekten vert kalla cotentinais

Remove ads

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads