Manche

franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia

Manche
Remove ads

Manche er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Basse-Normandie og er kalla opp etter La Manche («ermet»), som er fransk for Den engelske kanalen.

Meir informasjon Administrasjon, Statistikk ...
Remove ads

Historie

Manche er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Normandie.

Den første hovudstaden var Coutances fram til 1796Saint-Lô overtok, men han fekk igjen denne rolla etter den andre verdskrigen, sidan Saint-Lô nesten vart heilt øydelagd under Operasjon Overlord i Normandie. Då Saint-Lô var bygd opp att vart han igjen hovudstad.

Remove ads

Geografi

Departementet er i dag ein del av regionen Basse-Normandie og grensar til departementa Calvados, Orne, Mayenne og Ille-et-Vilaine.

Departementet inkluderer òg halvøya Cotentin og øyane Chausey, og er omringa av Den engelske kanalen på tre sider med ei kystlinje på 350 km.

Klima

Manche har eit maritimt klima med milde vintrar der temperaturane sjeldan går under 0 °C, og tempererte somrar med temperaturar rundt 25 °C. Departementet får ein god del nedbør, men dette varierer ein del i området frå rundt 700 mm i året på kysten til 1 300 mm i sørlege område.

Det er ofte ein sjøbris ved kysten, som i kombinasjon med tidvatnet gjev raske temperaturendringar i løpet av ein enkelt dag.

Demografi

Innbyggjarane i departementet vert kalla manchots eller manchois.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Manche


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads