Chinon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Chinon er ein liten by og kommune i Frankrike. Han ligg i Vallée de la Vienne ved breidda til elva Vienne, like før ho munnar ut i Loire, og høyrer til departementet Indre-et-Loire, der han er sous-préfecture (underprefektur), i regionen Centre
På ei høgd over byen ruvar ruinane etter ei gamal borg frå mellomalderen. Under forfølgjinga av hugenottane på 1500-talet vart borga i stor grad øydelagd, og ho vart delvis rivd ned under den franske revolusjonen.
I 1429 var borga åstad for eit møte mellom Jeanne d'Arc og Karl VII av Frankrike. Borga er i dag delvis renovert og ein stor turistattraksjon. I dei seinare år er byen òg kjend for vinen som vert produsert her, og som vert rekna for ein av dei beste i Frankrike.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads