Chisone
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Chisone (piemontesisk Chison eller Cleson) er ei 50 km lang fjellelv i provinsen Torino i Italia. Ho er ei av sideelvane til Pellice, som igjen er ei sideelv til Po. Chisone renn gjennom Pragelato, Fenestrelle, Perosa Argentina og Pinerolo.
Elva har sitt utspring ved foten av Monte Barifreddo i Dei cottiske Alpane og renn først nordvestover gjennom naturparken Parco Naturale della Val Troncea. Elva går så langs ein stor halvsirkel gjennom Val Chisone og renn så austover forbi Monte Albergian. Chisone munnar ut i Pellice om lag 15 km aust for Pinerolo, den viktigaste busetnaden langs elva.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Chisone» frå Wikipedia på engelsk, den 19. november 2007.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Torino, Istituto geografico centrale, Cartina n. 1 Valli di Susa, Chisone e Germanasca,
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads