Chlorospingus

slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Chlorospingus
Remove ads

Chlorospingus er ei biologisk slekt av mellomstore sporvefuglar som lever i Sentral-Amerika og sørover langs foten av Andes til Argentina. Slekta er ein del av amerikasporvfamilien, Passerellidae. Tidlegare var dei rekna som tanagarar, i dag har dei norske artsnamna fellesleddet «tanagarsporv».

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Dette er fuglar på rundt 14 centimeter i kroppslengd med fjørdrakt i avdempa farger dominert av gult, grønt og grått, ofte med mørkt hovud. Nokre har kvitt i buken, og eller kvite område på hovudet. Til dømes breibryntanagarsporv, C. pileatus, som har svart hovud, brei, kvit augebrunstripe og kvitt i strupen. Busktanagarsporv, C. flavopectus, representerer vidaste utbreiinga i slekta rekna i antal land, frå Argentina i sør til Mexico i nord. I Mexico er dei funne i høgder opptil 3500 moh.[1]

Remove ads

Artslista

Det er åtte eller ni artar i denne slekta avhengig av taksonomisk standpunkt.[note 1][2]

Chlorospingus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

  • Gulhaketanagarsporv, Chlorospingus flavigularis, Yellow-throated Chlorospingus, Sclater, 1852, (LC)
  • Gulskjeggtanagarsporv, Chlorospingus parvirostris, Short-billed Chlorospingus, Chapman, 1901, (LC)
  • Gråstrupetanagarsporv, Chlorospingus canigularis, Ashy-throated Chlorospingus, Lafresnaye, 1848, (LC)
  • Breibryntanagarsporv, Chlorospingus pileatus, Sooty-capped Chlorospingus, Salvin, 1864, (LC)
  • Busktanagarsporv, Chlorospingus flavopectus, Common Chlorospingus, Du Bus de Gisignies, 1847, (LC)
  • Tacarcunatanagarsporv, Chlorospingus tacarcunae, Tacarcuna Chlorospingus, Griscom, 1924, (LC)
  • Pirretanagarsporv, Chlorospingus inornatus, Pirre Chlorospingus, Nelson, 1912, (LC)
  • Gråbrysttanagarsporv, Chlorospingus semifuscus, Dusky Chlorospingus, Sclater & Salvin, 1873, (LC)
  • Gursetanagarsporv, Chlorospingus flavovirens,[note 1] Yellow-green Chlorospingus, Lawrence, 1867, (VU)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads