Chomo Lonzo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Chomo Lonzo
Remove ads

Chomo Lonzo (òg Chomo Lönzo, Chomolonzo, Chomolönzo, Jomolönzo, Lhamalangcho) er eit fjell i Tibet nær grensa til Nepal, ca. 5 km nordaust for Makalu i Himalaya. Namnet Chomo Lonzo tyder «Fuglegudinna».

Kjappe fakta

Fjellet har tre markerte topp-punkt: det sørlegaste er med ei høgd på 7 804 m hovudtoppen. Skild frå denne av ei egg 7 300 m ligg midttoppen. Den nordvestlege toppen er om lag 7 200 m høg.

Trass i at 8000 meters-toppen Makalu ligg i nærleiken og ragar høgre enn Chomo Lonzo, er fjellet eit flott syn frå Kangshungdalen i Tibet. Den 3 000 meter høge nordaustsida er er ikkje klatra.

I 1954 var dei franske klatrarane Jean Couzy og Lionel Terray i området for å studere Makalu med tanke på eit toppforsøk. Medan dei var i området nytta dei høvet til å førsteklatre Chomo Lonzo. Dei stod på toppen 30. oktober 1954[1] etter å ha gått over den rinmeleg lette sørvestryggen Sakietang-La (7 214 m) som skil Chomo Lonzo frå Makalu. Året etter lukkast begge med å førsteklatre Makalu.

Remove ads

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads