Chris Copping
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Chris Copping (fødd 29. august 1945 Middleton i Lancashire i England) er ein engelsk musikar og låtskrivar som var medlem av Procol Harum i 1970-åra. Han har òg skrive musikk for film og fjernsyn. Han spelar hovudsakleg orgel, piano og bassgitar.
I 1960-åra var han med i bandet The Paramounts som gitarist, men forlet dei i desember 1962 for å studere kjemi. I 1969 vart han invitert av Robin Trower til å overta for Matthew Fisher på orgel og David Knights på bass i Procol Harum. På dette tidspunktet bestod bandet berre av tidlegare Paramounts-medlemmar.[1]
Mellom 1969 og 1977 spelte Copping inn sju album med Procol Harum. Copping skifta mellom å spele bassgitar og hammondorgel etter kvart som andre musikarar kom med i bandet. Etter albumet Something Magic forlet han bandet og vart erstatta av Dee Murray for den påfølgjande turneen, før bandet gav seg.
I 1978 flytta han til Australia der han framleis spelar musikk og skriv songar. I nyare år har han arbeidd med musikarar som Mark Hilton, JoJo Leslie og Astrid Munday.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads