Chris Lowe

From Wikipedia, the free encyclopedia

Chris Lowe
Remove ads

Christopher Sean «Chris» Lowe (fødd 4. oktober 1959)[1] er ein engelsk musikar som i lag med Neil Tennant utgjer popduoen Pet Shop Boys.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Sjølv om Lowe ikkje har vore involvert i mange soloprosjekt, skreiv han og produserte i 1993 songen «Do the Right Thing» for fotballspelaren Ian Wright (Lowe er stor Arsenal F.C.-fan).[2] I 2004 skreiv Lowe musikk for ein reklamekampanje for solkremen Blockhead. Songen enda opp i ei remiksa form på ei chill-out-samling kalla Café Mambo.

I 1995 dukka han opp som seg sjølv i den australske såpeoperaen Neighbours.[3]

Etter Pet Shop Boys byrja å halde faste konsertar, vart Lowe kjend for å stå heilt stille medan han spelte klaverinstrument på scenen.[4] I 1995 skreiv The Guardian at han var «kanskje meir kjend enn nokon andre i popindustrien for å gjere nesten ingenting».[5]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads