Christiania Fusel & Blaagress

From Wikipedia, the free encyclopedia

Christiania Fusel & Blaagress
Remove ads

Christiania Fusel & Blaagress er ei norsk musikkgruppe som speler bluegrassinspirert folkrock med eit komisk tilsnitt. Gruppa blei starta i februar 1968 av ei gruppe som kjende kvarandre frå Dolphins viseklubb i Oslo. Ho gav berre ut éin singel og eitt album, men har halde fleire konsertar.

Thumb
Christiania Fusel & Blaagress i Larvik i 2008.

Dei første medlemmene, som spelte inn singelen «Det kjem nok betre tider» / «Mamma vi’kke ha», var:

  • Kari Svendsen (banjo, tuba/baryton)
  • Gerd Gudding (fele)
  • Anne Elisenberg (fele, vaskebrett)
  • Fredrik Wibe (bass, vaskebaljebass)
  • Kåre Schanche (gitar)
  • Øystein Sunde (gitar, mandolin)

Musikarane som var med på albumet Som varmt hvetebrød i tørt gress var:

  • Anne Elisenberg - banjo
  • Einar Mjølsnes - fele, hardingfele
  • Fredrik Wibe - bass, vaskebaljebass
  • Wiggo Elisenberg - gitar, klarinett, vaskebrett
  • Øystein Sunde - akustisk og el-gitar, dobro, steel guitar og mandolin

Albumet var det første der ein brukte hardingfele saman med elektrisk gitar. Gruppa si tolking av «Fanitullen» blei særleg godt kjend.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads