Christoffer Selbekk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Christoffer Selbekk (26. mai 193911. januar 2012) var ein norsk forretningsmann og skihoppar frå Stadsbygd. Han var busett på Eiksmarka i Bærum.

Kjappe fakta

Selbekk studerte økonomi ved University of Denver, der han tok eksamen i 1962. Han var administrerande direktør i firmaet Tretorn Norge 1974-78, og frå 1978 i eige firma, Chrisco Sport. Selbekk var med i styringa av både Norges Skiforbund og Norges Golfforbund.

Skihopparen Selbekk representerte Stadsbygd Idrettslag. Han fekk plass i den norske hopptroppa til Ski-VM 1966 i Oslo, og vart overraskande nummer 5 i storbakken. I normalbakken vart han nummer 42. Hans beste enkeltresultat i internasjonale renn kom i den tysk-austerrikske hoppveka 1966/67. Han fekk då ein fjerdeplass i Innsbruck 6. januar 1967, Bjørn Wirkola vann rennet. Samanlagt i hoppveka vart Selbekk nummer 19. I noregsmeisterskapane hadde han som best to sjetteplassar.

Remove ads

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads