Kristoffer av Bayern

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kristoffer av Bayern
Remove ads

Kristoffer av Bayern (26. februar 14166. januar 1448) var ein dansk, norsk og svensk konge. Kristoffer var konge av Danmark 1440–1448 som «Christoffer 3. af Bayern» (Christoffer III). Han var òg konge av Sverige 1441–1448, og konge av Noreg 1442–1448.[1]

Kjappe fakta Regjeringstid, Fullt namn ...

Kristoffer av Bayern var son av grev Johan av Pfalz og Catharina, syster til Erik av Pommern. I ungdomen gjorde han teneste hjå den tyske keisaren. I 1437 bad det danske riksrådet Kristoffer om å overta den danske trona, etter at Erik av Pommern hadde trekt seg attende til Gotland. Kristoffer sa ja til tilbodet, og den 9. april 1440 vart han hylla som konge på Viborg Landsting.

Tilhøva i Danmark var særs vanskelege. Både Noreg og Sverige hadde sagt opp unionen. Trass i dette greidde han å verta konge av alle tre kongerika.

Kristoffer døydde av feber på festninga «Kernen» (Kärnan) i Helsingborg den 6. januar 1448. Han vart gravlagd i Roskilde Domkyrkje. Enkja, Dorothea, vart i oktober 1449 gift med kong Kristian I.

Etter at Kristoffer døydde tilaud det danske riksrådet trona til hertug Adolf VIII, men han peika i staden ut systerson sin, grev Kristian av Oldenburg.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads