Erik av Pommern

From Wikipedia, the free encyclopedia

Erik av Pommern
Remove ads

Erik av Pommern (13823. mai 1459) var norsk, dansk og svensk konge. Som konge av Noreg vert han kalla Eirik III og regjerte frå 1389 til 1442. Han var konge av Danmark som Erik VII og av Sverige som Erik XIII frå 1396 til 1439.

Thumb
Erik av Pommern vert krona til konge av heile Norden. Stikk av H. P. Hansen frå Nordens Historie av Niels Bache 1884.
Kjappe fakta Regjeringstid, Slavisk ...

Erik var son av hertug Vartislav VII av Pommern og Maria av Mecklenburg, systerdotterson til dronning Margrete Valdemarsdotter.[1] Han gifta seg med Filippa av England, dotter av Henrik IV av England, i Lund i 1406.[1]

Den 17. juni 1397 vart Kalmarunionen inngått. Sjølv om Erik formelt var konge, var det i stort mon dronning Margrete Valdemarsdotter, som styrte. Først då Margrete døydde i 1412, vart Erik regent i røynda. Erik heldt fram dei reformene som Valdemar Atterdag og Margrete hadde byrja med.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads