Chuck Panozzo

amerikansk gitarist From Wikipedia, the free encyclopedia

Chuck Panozzo
Remove ads

Charles Salvatore «Chuck» Panozzo (fødd 20. september 1948) er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som bassist i rockebandet Styx. Han har vore langvarig medlem av Styx og var med å skipe gruppa i lag med tvillingbroren, trommeslagaren John Panozzo, som døydde i juli 1996, og songaren og klaverspelaren Dennis DeYoung. Han turnerte berre med gruppa på deltid frå 1999 til 2003, men er i dag fast medlem av Styx.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Chuck Panozzo har vore opent homofil sidan 2001, same året han annonserte at han levde med HIV,[1] og han har vore involvert i kampanjar for å rette merksemd mot AIDS og homofile rettar. I 2006 gav han ut sjølvbiografien The Grand Illusion: Love, Lies, and My Life With Styx.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads