Chuquiraga jussieui

From Wikipedia, the free encyclopedia

Chuquiraga jussieui
Remove ads

Chuquiraga jussieui, J.F. Gmel, er ein blomstrande planteart i korgplantefamilien (Asteraceae) som veks i páramo-økosystem i Colombia, Ecuador og Peru.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Thumb
Kolibriar, slik som vulkanoreade (Oreotrochilus chimborazo), livnærer seg av nektar frå denne planten
Thumb
Blømande busk.

Dette er ein låg busk som kan bli opptil 1,5 meter høg, med hard bork og tydelege bladarr. Blada kan bli opptil 12 mm lange, er harde, nesten stilklause, spiralforma, tettstilte, eggforma til lansettforma, med spiss og torna tupp, rund base og éin nervestreng. Blada er lêraktige. Blomsterhovuda er traktforma, med overlappande dekkblad i 5–10 rekkjer (dei ytre er lengre og kortare mot midten), oransjebrune og tornete. Blomsterbotnen er flat og håret. Blomstrane er 2 cm lange, arrangerte i blomsterstandar som er 6 cm lange, med 16–45 blomstrar. Blomstrane er røyrforma, delte i fem delar ved toppen, tett hårete, og fargen varierer frå gul til kvitaktig. Dei har 5 pollenberarar, med lange vedheng ved basis av pollenknappane og spisse, lineære vedheng ved toppen. Frukta er ein hårete eller bustete tørr frukt (akene) med ei enkelt rekkje fjøraktige fnokk. Ved Cotopaxi i Andesfjella i Ecuador kan buskar av denne planten bli opptil 3 meter høge.

Planten høyrer heime i páramoområda på meir enn 3500 meters høgd over havnivå i Colombia, Ecuador og Peru.

Chuquiraga jussieui veks i páramoområde med buskvegetasjon.

Bruksområde

Planten blir brukt som ved, og dessutan har ekstrakt av denne planten hatt medisinsk bruk blant urfolk.[1]

Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads